Holger Hott

From Wikipedia, the free encyclopedia

Holger Hott
Remove ads

Holger Hott, opphavleg Holger Hott Johansen, (fødd 8. april 1974) er ein norsk sivilingeniør og tidlegare orienteringsløpar. Han vann VM-gull i stafett i 2005 og på mellomdistansen i 2006.

Kjappe fakta

Hott Johansen vann verdscupen i orientering 2004. Same sesongen tok han bronsemedaljen på normal-distansen i VM 2004. Under verdsmeisterskapen i Japan i 2005 kopierte han prestasjonen på normal-distansen, før han så opna for Noregs lag som vann stafetten. Øystein Kristiansen og Jørgen Rostrup tok seg av dei andre etappane. I august 2006 vart han verdsmeister på mellomdistansen då VM vart avvikla ved Århus.

Hott vart noregsmeister fem gongar, i tillegg fekk han med seg fem NM-gull i stafett. Individuelt sanka han tolv NM-medaljar.

I 1999 var Hott Johansen med å vinne Jukola-stafetten for Bækkelaget SK og i 2001 Tiomila. Sidan bidrog han til at Kristiansand OK gjekk til topps i Tiomila 2008 og 2009, og i Jukola i 2009.

Remove ads

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap

  • VM 2003: Nr 8 på klassisk-distansen
  • VM 2004: Bronsemedalje på klassisk-distansen
  • VM 2005: Bronsemedalje på klassisk-distansen, gull i stafett
  • VM 2006: Gullmedalje på mellomdistansen
  • VM 2007: Nr 4 i stafett

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads