Holly Holy

song av Neil Diamond From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Holly Holy» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Han vart gjeven ut som singel i oktober 1969,[1] og vart ein populær oppfølgjar til «Sweet Caroline», med ein sjetteplass på Billboard Hot 100 i USA i desember.[2][3] Han selde etter kvart til platinaplate for 1 million selde eksemplar.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen hadde eit andeleg fokus,[4] og var påverka av gospel[1] og var i følgje Diamond favoritten hans av songane hadde skrive til då.[3] Han byrjar roleg med akustisk gitar mot ei basslinje, og ein enkel tekst med lange vokalar. Gradvis byggjer arrengementet seg opp med eit temposkifte i mellomspelet og inn kjem eit kor i lag med strykarar.

«Holly Holy» vart gjeven ut på albumet Touching You, Touching Me i november 1969.[1] Konsertopptak av songen finst på Gold: Recorded Live at the Troubadour frå 1970. Seinare opptak finst på Hot August Night (frå 1972) og Greatest Hits: 1966–1992 (frå 1992), i tillegg til forskjellige samleplater.

Ein versjon av Jr. Walker & the All Stars vart ein liten R&B-hit i 1971.[1] Nancy Sinatra spelte songen på showet «Movin' with Nancy on Stage» i 1971. I tillegg har han vorte spelt av UB40.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads