Holveg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Holveg
Remove ads

Holveg er ein type veg som har fått ei nedsenkt U-form frå erosjon av lang tids ferdsle av folk og dyr.[1] Slike vegar har vore i bruk over eit langt tidsrom, og kan sjeldan daterast direkte. Nokre kan likevel knyttast til gravfelt og andre kulturminne frå jernalderen.

Thumb
Holveg ved La Meauffe i Frankrike.
Thumb
Holveg i aktiv bruk i Surrey i England

Holvegar er kjende over heile Europa, og nokre av dei er framleis i vanleg bruk. Der jordsmonnet er djupt nok, kan slike vegar vara så djupe at sjølv reisande til hest eller med vogner ikkje vil vera synlege over kanten av vegen. Holvegen er først og fremst eit fenomen ein kjenner frå Fastlands-Europa og England. I Noreg er jordsmonnet dei fleste stader ikkje dypt nok til å danna slike djupe holvegar.

Holvegar var vanlege før harde vegdekke som asfalt, og kan vera svært gamle. Det finst ofte gravhauger, varp og andre vegmerke langs desse ferdsleårene. Om vegen blei for djup og gjørmete av slitasje, kunne ein flytta ferdsla berre nokre meter til siden. Slik kan ein finna ei rekke parallelle holvegar som har blitt danna over lang tid.[2] Det største holvegskomplekset i Østfold viste tett trafikk i oldtida ned mot Visterflo i Tune, truleg for å unngå Sarpefossen. Dette holvegskomplekset er no rasert. Eit anna er påvist ved Kjellandsvik på Jeløy ved Moss.[3]

Remove ads

Galleri

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads