Honda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Honda Motor Co., Ltd. er eit japansk føretak som produserer motorar, generatorar, bilar, lastebilar, motorsyklar, skuterar, firhjulingar, snøfresarar, hagebruksreiskap, robotar, osv. I tal på einingar er Honda den største produsenten av motorar i verda.

Remove ads
Historie
Honda vart stifta i 1948 av Soichiro Honda, og har hovudkvarteret sitt i Tokyo. Soichiro Honda hadde tidlegare produsert stempelringar for den japanske marknaden.
I 1981 opna Honda produksjonsanlegg utanfor Japan. I USA produserte og selde dei dyrare modellar under namnet Acura frå 1986. I Storbritannia gjekk bilane først under Triumph-merket, sidan som Rover. Samarbeidet med Rover førte også til at Land Rover Discovery i ei periode vart seld i Japan som Honda Crossroad.
Remove ads
Motorsport
Honda har i mange år levert motorar til Formel 1, blant anna til Williams, McLaren og BAR-laget i 2000. I 2005 kjøpte Honda opp BAR-laget 100% og som Honda Racing F1 driv no Honda formel 1 også som konstruktør, noko bilprodusenten og gjorde ei kort tid mellom åra 1964–1968.
Remove ads
I Noreg
Hanne Skotvedt, som er dotter av bilimportøren Oscar Skotvedt, starta firmaet Hasco (seinare Hasco Norge AS) i april 1970 for å ta inn Honda N600.
På slutten av 1990 talet skifta Hasco Norge namn til Skotvedt AS og beheldt Honda-importen ut 2000. Då tok Honda Motor Europe Ltd. Norge over, eit dotterselskap av Honda.
Sjå og
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads