Honningkryparar

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Honningkryparar
Remove ads

Honningkryparar, Cyanerpes, er ei biologisk slekt av fire fugleartar tanagarfamilien. Dei lever i neotropiske område frå Mexico sør til Brasil.

Kjappe fakta

Habitatet er i trekroner i skog eller utkanten av skog. Som namnet ymtar om, er dei spesialiserte nektaretarar med lange, boga nebb.

Dei fire honningkryparartane i slekta har fargerike bein, lange venger og ein kort hale. Hannane er vanlegvis skinande lillablå og hoene grønaktige.

Grønhonningkrypar, Chlorophanes spiza, deler òg fellesnemninga honningkrypar, men er klassifisert i si eiga slekt. Han har eit større, tjukkare nebb enn Cyanerpes-slekta, og er mindre sterkt avhengig av nektar.

Remove ads

Artslista

Cyanerpes i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

  • Dverghonningkrypar, Cyanerpes nitidus, Short-billed Honeycreeper
  • Gulbeinhonningkrypar, Cyanerpes lucidus, Shining Honeycreeper
  • Purpurhonningkrypar, Cyanerpes caeruleus, Purple Honeycreeper
  • Raudbeinhonningkrypar, Cyanerpes cyaneus, Red-legged Honeycreeper

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads