Houses of the Holy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Houses of the Holy er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeve ut av Atlantic Records den 28. mars 1973. Tittelen er ei tileigning til tilhengjarane av bandet som dukka opp på spelestader dei kalla «Houses of the Holy». Det var det første Led Zeppelin-albumet som ikkje offisielt vart kalla opp etter bandet. Det var òg det første albumet deira som utelukkande bestod av originale songar. Det representerer eit musikalsk vendepunkt for Led Zeppelin, som byrja å nytte fleire lydspor og produksjonsteknikkar i innspelinga av songane.

Denne artikkelen handlar om albumet. For songen, sjå songen Houses of the Holy.
Meir informasjon Led Zeppelin-kronologi, Singlar frå ...

Albumet har selt 11 million eksemplar i USA aleine.[2] I 2003 vart Houses of the Holy rangert på 149. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Remove ads

Innspelinga

Mykje av albumet vart spelt inn våren 1972 i Stargroves, landeigedomen i Berkshire eigd av Mick Jagger, med hjelp av Rolling Stones Mobile Studio. Somme av songane frå albumet hadde alt blitt prøvd spelt inn tidlegare, som «No Quarter», som først vart prøvd ut under ei innspeling i Headley Grange.[3]

Fleire av songane vart produserte som demoinnspelingar i dei personlege studioa til gitarist Jimmy Page og bassist John Paul Jones. Desse to musikarane hadde nyleg fått bygd eigne studio heime hos seg sjølv, som gjorde at dei kunne gjere ferdig arrangement som dei starta på tidlegare.[3] Særleg kunne Page presentere komplette arrangement av «The Rain Song» og «Over the Hills and Far Away», medan Jones hadde utvikla «No Quarter».[3]

Innspelingar vart òg gjort i Olympic Studios i mai 1972, og under den nordamerikanske turneen deira i 1972 gjorde dei opptak i Electric Lady Studios i New York.[3]

Somme av songane frå desse innspelingane kom ikkje med på Houses of the Holy, nemleg «Black Country Woman», «Walter's Walk», «The Rover» og tittelsporet «Houses of the Holy». Alle desse vart seinare gjevne ut på seinare Led Zeppelin-album.

Remove ads

Komposisjon

Albumet var ei stilmessig ny retning for Led Zeppelin. Gitarriffa vart meir lagdelte og gjekk meir bort frå dei tidlegare bluesaktige riffa frå tidlegare plater. På opningssongen «The Song Remains the Same», og «The Rain Song», skreiv Robert Plant meir modne tekstar som gjekk bort frå mystisisme og fantasi som hadde prega tidlegare songtekstar. Houses of the Holy inneheld òg stilar som ein ikkje hadde høyrt på dei fire første Led Zeppelin-albuma. Til dømes er «D'yer Mak'er» ein reggae-basert song (namnet på songen er ei fonetisk staving av den britiske uttalen av «Jamaica»); «No Quarter» er bygd opp av atmosfæriske keyboardlydar og ein akustisk pianosolo av John Paul Jones; «The Crunge» er ein funkhyllest til James Brown; og «The Rain Song» vert spela med mellotron av Jones. Avsluttningssongen «The Ocean», med ein acappella-del og eit doo-wop-aktig coda, er tilskriven «havet» (the ocean) av tilhengjarar som møtte opp på Led Zeppelin-konsertane på denne tida.

Remove ads

Plateomslag

Plateomslaget til Houses of the Holy var inspirert av slutten på Arthur C. Clarke-romanen Childhood's End.[3] Det er ein collage av fleire bilete teken ved Giant's Causeway i Nord-Irland av Aubrey Powell frå Hipgnosis.

To born var modellar for plateomslaget og bileta vart tekna over ti dagar. Bileta vart berre tekne ved soloppgang og solnedgang for å fange lyset på denne tida, men mange av dagane var det skya og regn.

Som det fjerde albumet deira, stod det heller ikkje her bandnamn eller albumtittel på omslaget. Manager Peter Grant tillet Atlantic Records å pakke eit papirband rundt omslaget som måtte brytast for å opne omslaget.[3] Papirbandet gøymde dei nakne borna på omslaget, men plata var likevel ikkje tilgjengeleg i delar av Sørstatane på fleire år.[4][5]

I 1974 vart albumet nominert for Grammy Award i kategorien beste plateomslag. Plateomslaget vart av VH1 kåra til det 6. beste plateomslaget i 2003.

Utgjeving og mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Dette var den siste utgjevinga til Led Zeppelin på Atlantic Records før dei starta sitt eige selskap, Swan Song Records, i 1974.

Albumet skulle opphavleg ut i januar 1973, men på grunn av forseinkingar i produksjonen av plateomslaget vart det utsett til mars, då bandet var på turne i Europa. Det vart drive mykje marknadsføring for albumet før det kom ut samstundes med den nordamerikanske turneen deira, slik at albumet hamna på førsteplassen ved starten av turneen.[3] Sidan mykje av albumet vart spelt inn året før, vart mange av songane på albumet spelt på konsertane i Nord-Amerika, Japan, Europa og Storbritannia i 1972-1973.[3]

Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut,[18] og mykje av kritikken var retta mot songar som «The Crunge» og «D'yer Mak'er».[3] Albumet selde derimot særs godt og gjekk inn på førsteplassen i Storbritannia, medan det låg 39 veker på lista i USA, to av dei på førsteplassen.[3]

I 2003 vart albumet rangert på 149. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Lovord

Meir informasjon Publikasjon, Land ...

(*) uordna lister.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Led Zeppelin

Albumlister

Meir informasjon Liste (1973), Topplassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads