How to Train Your Dragon: The Hidden World
animert langfilm frå 2019 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
How to Train Your Dragon: The Hidden World (norsk: Dragetreneren 3) er ein amerikansk dataanimert action-fantasifilm frå 2019, produsert av DreamWorks Animation og distribuert av Universal Pictures. Han oppfølgjaren til 2010-filmen How to Train Your Dragon og 2014-filmen How to Train Your Dragon 2, ein filmserie som er laust basert på bokserien under same namn av den engelske forfattaren Cressida Cowell. Filmen er regissert av Dean DeBlois og har på originalspråket stemmeskodespelarar som Jay Baruchel, Craig Ferguson, America Ferrera, Jonah Hill, Kristen Wiig, og Christopher Mintz-Plasse. Norske stemmeskodespelarar er mellom andre Alexander Rybak og Kjersti Sandal.
Handlinga byggjer vidare på universet frå dei to førre filmane, med vikingen Hikken og draken Tannlaus i hovudrollene. Hikken er blitt høvding og har fullført draumen om å skapa eit samfunn der drakar og menneske lever saman, på øya Borkøy. Etter at ein ny trugsel oppstår, drar heile stammen frå den gamle landsbyen deira for å finna ein ny heim.
How to Train Your Dragon: The Hidden World hadde premiere 11. januar 2019 i Noreg og 22. februar 2019 i USA.[4]
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads