Huang Xian-fan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Huang Xian-fan (13. november 1899–18. januar 1982) var ein kinesisk historikar, etnolog og professor. Han var internasjonalt kjend som kulturhistorikaren til zhuangfolket.[1]
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask. |
Remove ads
Utdanning
Huang Xian-fan var fødd i bygda Qusi i Fusui fylke. Han tok eksamen ved Fusui skole i 1921. Examen artium tok han som privatist ved Guangxi Nannings lærarskole i 1922, og han nytta dei fire åra her flittig ved å studere historie, geografi og engelsk. Han tok eksamen ved Nannings lærarskole i 1926. Han fortsette desse studia ved Læraruniversitetet i Beijing der han var frå 1926 til 1935, og i dei ni åra her studerte han historie, slektsforsking, engelsk, japansk, folklore, arkeologi, sosiologi, filosofi, psykologi og gammal skrift. Han fullførte trebandsverket 'Kinesisk generell historie' i 1934, og tok embetseksamen i historie i 1935. Seinare studerte han arkeologi, japansk historie og kultur ved Universitetet i Tokyo i to år.
Remove ads
Virke
I 1937 drog Huang Xian-fan tilbake til Kina. Han var lærar ved Nanning private middelskule 1937-1938. I 1938 vart han tilsett som universitetslektor i historie og geografi ved Universitetet i Guangxi, og amanuensis i historie same stad 1940–1941. Han var professor i historie ved Sun Yat-sen Universitetet i Guangdong mellom 1941 og 1942. Han var den første zhuang-professoren i kinesisk historie[2] Han var professor i historie ved lærarkollegiet i Guilin mellom 1942 og 1943, og professor i historie ved Universitetet i Guangxi (1943-1953). Frå 1954 til 1982 var han professor i historie ved Lærarskulen i Guangxi. Huang Xianfan døydde 18. januar 1982 i Guilin i Guangxi.[3]
Frå 1934-talet og framover har gav han ut ei rekkje verk og artiklar om kinesisk historie, folklore, etnologi, antropologi og minoritets- og etnisitet-historie. I Kina er han mest kjend for bøker om Zhuangs historie[4] og Nong Zhi Gao. Mange av bøkene hans, til dømes Zhuangs historie, har skapt debatt.
Remove ads
Utgjevingar (utval)
- Kinesisk generell historie (tre volumer), Beijing 1932-1934.
- Zhuangs historie, Nanning 1957,1988, ISBN 7-5363-0422-6/K-13.[5]
- Nong Zhi Gao, Nanning 1983,
Referansar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads