Hubble Heritage Project

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hubble Heritage Project
Remove ads

Hubble Heritage Project er eit prosjekt og eit lag samansett av astronomar og biletbehandlingsspesialistar frå Space Telescope Science Institute (STcSI) som månedleg legg ut bilete teke av romteleskopet Hubble på nettet.[1] Prosjektet blei starta i 1998 og har som mål å skapa interessa rundt astronomi og astrofysikk ved hjelp visuelt interessante bilete frå teleskopet.[2]

Thumb
Døme på eit Hubble Heritage-bilete. Biletet viser kulehopen Messier 80.
Thumb
Dette biletet av Hestehovudtåka er resultatet av ei nettbasert avrøysting halde på heimesida til Hubble Heritage-prosjektet.[1]

Prosjektet vel ut bileta frå Hubble-teleskopet sitt offentlege dataarkiv som har i seg hundretusenar av bilete. Heritage-prosjektet finn so bilete som er upubliserte for ålmenheita. Prosjektet har fått litt observasjonstid med Hubble-teleskopet som det kan bruka til å forbetra desse dersom det skulle mangla fargar eller at dei opphavlege bileta berre skulle dekkja ein liten bit av himmellekamen slik at han er vanskeleg å kjenna att.[1]

I år 2000 kunne ålmenheita gjennom ei avrøysting på heimesida til prosjektet velja eit objekt som Hubble-teleskopet skulle fotografera. Hestehovudtåka i stjernebiletet Orion vann då med stor margin.[1]

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads