Hubert Parry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Charles Hubert Hastings Parry (27. februar 1848–7. oktober 1918) var ein britisk musikkhistorikar, pedagog og komponist som verka i London og Oxford.
Remove ads
Liv
Parry var fødd i Bournemouth i Dorset. Han blei professor i komposisjon ved det nyoppretta Royal College of Music i London 1883 og rektor ved same stad i 1894. I tillegg var Parry professor ved Universitetet i Oxford 1900-1908. Han var ikkje berre verksam som komponist på dei fleste musikkområda, men òg som forfattar. Han gav blant anna ut The evolution of the art of music (1896) og Style in musical art (1911).[1]
Blant verka hans er truleg salmen «Jerusalem», til teksta av den romantiske diktaren William Blake, mest kjend internasjonalt. Særleg i heimlandet blir også An English Suite for strykeorkester spelt ein del. Solosongane hans er også kjende.
Parry er representert i Norsk Salmebok med nr. 415, «Du Far og Herre, du som rår».
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads