Huelva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Huelva er ein by sørvest i Spania og provinshovudstad i provinsen Huelva i den autonome regionen Andalucía. Han ligg ved kysten av Cádizbukta der elvane Odiel og Rio Tinto renn saman. Byen har opp under 150 000 innbyggjarar.
Fotballaget i byen, Recreativo de Huelva, er den eldste i heile Spania. Den einaste tropiske orkanen, Vince, som nokon gong har nådd land i Europa, gjekk på land her.
Remove ads
Historie

Byen er skildra i antikken som ein by mellom elvane Anas (dagens Guadiana) og Baetis (dagens Guadalquivir)[1]
Byen kan ha vore same by som Tartessus; som fønikarane kalla Onoba. Grekarane heldt dette namnet og skreiv det Ὄνοβα. Byen var under turdetanar då romarane erobra området. I romartida vart byen kalla Onoba Aestuaria[2] eller Onuba (nytta på myntar) eller Onoba.[3] Byen vart ein del av den romerske provinsen Hispania Baetica. Arabarane erobra området og kalla byen Walbah mellom 712 og 1250. Byen vart hardt råka av eit jordskjelv i 1755.
Det er framleis ruinar etter romarane i byen. Byen prega sine eigne myntar og det er funne fleire myntar her med namnet Onuba.[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads