Hugo Lous Mohr

norsk målar From Wikipedia, the free encyclopedia

Hugo Lous Mohr
Remove ads

Hugo Lous Mohr (27. september 188920. februar 1970) var ein norsk målar, fødd i Mandal. Han er særleg kjend for sine veggmåleri.

Kjappe fakta

Mohr studerte kunstmåling hos Henrik Sørensen frå 1916 til 1918. Deretter gjorde han studiar i Frankrike, Italia, Spania og Nederland. I 1923-24 utsmykka han Johanneskyrkjas menighetshus i Bergen med freskomåleri. Eit lite tiår seinare, 1932, laga han freskane på korveggen i den nybygde Volds-kyrkja. Sidan arbeidde han 1936-50 med å dekorere himlingane i Oslo domkyrkje, desse takmåleria vert rekna for hovudverket hans.

Mohr måla også uttrykksfulle portrett og særprega landskapsbilete. Nasjonalgalleriet har eit portrett av sonen Bjart, og landskapa Frosset Fjell og Skjærgård. Eitt av måleria hans, Kornskrud, var motiv på 50-kroner-setelen i 1948-66-serien frå Noregs Bank.

Frå 1952 hadde Mohr Statens kunstnarløn.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads