Huk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Huk er eit parkområde og ei badestrand (Hukodden) lengst sør på Bygdøyneset i Oslo.[1] Området vart kjøpt av Aker kommune i 1921. Det finst ei naturiststrand[2] på ei landtunge nordvest for Hukodden, som tidlegare var hagen til børstefabrikant Jordan. Bygdøy-bussen (nr. 30) har endestasjon nesten heilt ute ved stranda på Huk. Tidlegare gjekk det båt til Oslo sentrum i badesesongen, men båtane går no berre til Dronningkaia og Bydgøynes, og den gamle båtbrygga vert no nytta av ein del badande til å hoppe frå.[3].

Like ved strandområdet ligg skulpturen Large Arch (1963–69) av Henry Moore[4][5] og Ikaros av Anne Sofie Døhlen (1965)[4] (Anna Sofie Døhlen 1967)[6].
Remove ads
Bygg
- Villaen som låg i tilknyting til Jordan sin hage vart riven, men garasjen er framleis bevart.
- Strandrestaurant som vart bygd som badehus for Quisling under krigen. Området var avstengt og det var plassert ei stor kanon her.
Bakgrunnsstoff

- Norsk naturistforbund Arkivert 2006-12-13 ved Wayback Machine.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads