Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus (KSHV) eller menneskeherpesvirus 8 (HHV-8) er eit gammaherpesvirus i slekta rhadinovirus som kan infisera menneske. Det kan valda sjukdomar som Kaposi-sarkom, særskilt hjå homoseksuelle AIDS-pasientar og organmottakarar, multisentrisk Castleman-sjukdom og primært effusjonslymfom.[1][2]
KSHV har eit genom på mellom 160 og 175 kilobasar. Det kodar for minst 86 protein, 12 mikro-RNA og fleire ikkje-kodande og komplementære RNA-molekyl. Etter inngang i ei vertsselle, ved vedverande infeksjon, vil DNA-molekylet verta sirkelforma og opphalda seg i sellekjernen som eit miniatyrkromosom, i fleire kopiar. Desse kopiane vil knyta til seg histon-molekyl og kan regulerast epigenetisk.[3][4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads