Hundreviseboka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hundreviseboka er den folkelege tittelen på ei visesamling gitt ut av den danske historikaren Anders Sørensen Vedel i 1591.[1] Den fulle tittelen i barokkstil er:

It Hundrede udvaalde Viser om allehaande Merckelige Krigs Bedrifft oc anden seldsom Eventyr som sig her udi Riget ved Gamle Kemper Naffnkundige Konger oc ellers forneme Personer begiffuet haffuer aff arilds tid indtil denne nerværendis Dag.[2]
Kjappe fakta Språk, Utgjeven ...

Boka inneheldt gamle viser som Vedel hadde samla frå visehandskrifter og munnleg tradisjon, mesteparten er den typen viser kjendr som kallar balladar. Då han vitja Hven i 1586, bad dronning Sophie han om eit utval reinskrivne viser, og han sørgde deretter for ei trykt utgåve til glede for allmugen. Utgjevinga var utan sidestykke i noko anna land, og samlinga fekk i løpet av 1600-talet enorm utbreiing i befolkninga gjennom talrike gjenopptrykk.[3]

I 1695 gav Peder Syv ut boka på nytt og la til endå hundre viser. Denne boka blei kalla Tohundreviseboka eller Kjempeviseboka, og kom i stadig nye opplag utover 1700-talet. Boka blei òg svært populær i Noreg og på Færøyane, og norsk balladetradisjon er sterkt påverka av Kjempeviseboka.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads