Kjempeviseboka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kjempeviseboka eller Tohundreviseboka er den populære tittelen på visesamlinga 200 Viser om Konger, Kæmper og andre som blei gitt ut av den danske presten Peder Syv i 1695. Dette var ei ny og revidert utgåve av Anders Sørensen Vedel sitt verk Hundreviseboka frå 1591, ei bok som inneheldt gamle balladar frå visehandskrifter og munnleg tradisjon. Peder Syv la til hundre nye viser, og Kjempeviseboka har derfor også vore kjend som Tohundreviseboka.[1] Her var det også stoff som var nydikta på 1600-talet, som «Danmark, dejligst Vang og Vænge» av Laurids Kok.[2]
Kjempeviseboka blei straks populær, ikkje berre i Danmark, men også i Noreg og på Færøyane, og kom i stadig nye opplag utover på 1700-talet.[2] Ho hadde sterk påverknad på norsk balladetradisjon.[3] Norske visehandskrifter frå 1700-talet og fyrstedelen av 1800-talet inneheld ofte lange sekvensar med viser skrive av frå Kjempeviseboka.
På 1600- og 1700-talet var det ikkje vanleg med bøker i Noreg, men ved sida av salmeboka var to visebøker populære: Kjempeviseboka til Peder Syv og Petter Dass si Bibelsk visebok frå tidleg 1700-tal.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads