Huney

From Wikipedia, the free encyclopedia

Huneymap
Remove ads

Huney er ei folketom øy aust for øya Unst i Shetlandsøyane i Skottland. Ho ligg om lag 1 km sørvest for Balta og har eit areal på berre 0,2 km². Når lågvatnet er særs lågt er Huney landfast med Unst via ein sanddekt tombolo kalla Yei of Huney.

Thumb
Huney frå Unst
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Under den første verdskrigen sokk den britiske ubåten HMS «E49» i sundet mellom Hunsey og Balta og alle mann gjekk tapt. Dette skjedde 12. mars 1917. Ubåten var på veg ut Balta Sound på patrulje då ho trefte ei sjømine lagt ut av den tyske ubåten SM «UC-76». Vraket har status som ei krigsgrav.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads