Balta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Balta
Remove ads

Balta (norrønt Baltey) er ei øy i Shetlandsøyane. Øya er ikkje folksett og ligg austom Unst, som er den nordlegaste av dei større Shetlandsøyane. Mellom Unst og Balta ligg Baltasundet. Balta har eit areal på 0,8 km².

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

På austsida av øya er det ein naturleg boge som er forma av erosjon. Av fortidsminne har øya ruinane etter eit skotsk rundhus frå jarnalderen (broch) og etter eit kapell frå den norske kolonitida vigsla heilage Sunniva. Det finst ingen oppføringar i samband med folketeljingar som tyder på at det har budd folk på øya i nyare tid.[1]

I 1895 vart det sett opp eit fyrtårn på sørspissen av øya. Det var i betong og teikna av David A. Stevenson. Dette tårnet vart rive i 2003 og erstatta av eit mindre tårn med solenergidriven ljoskjelde.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads