Hurghada

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hurghadamap
Remove ads

Hurghada (arabisk الغردقة, El Ġardaqa) er ein by i Egypt. Byen ligg på vestkysten av Raudehavet og er hovudstaden i guvernementet Al-Bahr al-Ahmar. Hurghada lever hovudsakleg av turisme.

Kjappe fakta Land Guvernement, Innbyggjarar • By (2006) ...
Remove ads

Næringsliv

Dei store turistattraksjonane i byen er strendene langs Raudehavet og korallreva. Her finst også gode høve til snorkling og dykking. Ikkje langt frå Hurghada-kysten ligg det fleire koralløyar. Nord, aust og sør for byen er det hovudsakleg ørken, og byen har då også eit varmt ørkenklima.

I Hurghada finst det i dag ei rekkje hotell, og hotella eig størsteparten av strendene langs kysten. I tillegg finst her kjøpesenter, basargater og internasjonal flyplass. Byen har vegsamband nordover mot Kairo og Suez og sørover mot grensa til Sudan. Ferjesamband mellom Hurghada og Sharm el-Sheikh,[1] samt mellom Hurghada og Sinaihalvøya.[2]

Remove ads

Kjelder

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads