Huronbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Huronbreen er ein 7,7 km lang og 3,5 km brei isbre på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Isbreen grensar til Bowles Ridge i nord, Wörner Gap i vest og Tangra Mountains i sør, og får is tilført frå fleire sidebrear som flyt frå fjellet på nordsida mellom Mount Friesland og Helmet Peak og går aust-nordaustover til han munnar ut i Moon Bay sør for Elemag Point og nord for Yana Point. Camp Academia ligg ved øvre Huronbreen, nordvest for forberga ved Zograf Peak.


Isbreen vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1958 etter den amerikanske skuta «Huron» (kaptein John Davis) i New Haven i Connecticut, som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820–21 og 1821–22.[1]
Remove ads
Sjå òg
- Camp Academia
- Tangra 2004/05
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads