Husmor

From Wikipedia, the free encyclopedia

Husmor
Remove ads

Husmor er ei kvinne, vanlegvis gift og heimeverande, som er ansvarleg for ein heim, det vil seie ein bustad eller husstand, gjerne ein familie med born. Ei husmor utfører husarbeid (husstell) og styrer i heimen. «Husmor» kunne tidlegare også vere tittelen på ei kvinne som var tilsett for å ta seg av hushald og den økonomiske drifta av eit hushald, på ein gard, ein institusjon, eit internat, eit storkjøken eller liknande.

Thumb
Alette Engelhart, leiar av Norsk husmorforbund 1946–59, på norsk kjøkken i 1950. Kjøkkenarbeid omfattar først og fremst matlaging og oppvask.
Remove ads

Historie

I mellom- og etterkrigstida vart kjernefamilien og husmora, som stelte for mann og barn, lagde mat, sydde klede, vaska, handla og rydda i huset, dyrka som felles ideal i det norske samfunnet, både av sosialdemokratar og konservative. Med oljeindustri og etterkvart deindustrialisering frå 1970-talet kom ei endring. Fleirtalet av kvinner tok utdanning og løna arbeid utanfor heimen. Dette førte til dramatiske endringar av kjønnsrollene. Nye haldningar til skilsmisse, sambuarar og seksualitet, radikalt forskjellige frå dei dominerande haldningane hjå tidlegare generasjonar, fekk gjennomslag i denne perioden.

Remove ads

Sjå òg

  • Husmorvikar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Husmor


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads