Hussein bin Ali
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hussein bin Ali (1854–1931) var sjarif og emir av Mekka og sjølvutnemnd konge av Hedsjas frå 1916 til 1924.
- For den sjiamuslimske martyren, sjå Husayn ibn Ali.
Hussein bin Ali var ein arabar fødd i Istanbul under Det osmanske riket. Han blei utnemnd til vernar av dei heilage stadene i Hedsjas etter Den ungtyrkiske revolusjonen i 1908. I 1916, under første verdskrigen, innleia han i samspel med britane Arabaropprøret mot tyrkarane. I 1924 utropte han seg vidare til kalif over alle muslimar.
Hussein bin Ali blei anerkjend som konge av Hedsjas av stormaktene, men måtte seinare i 1924 gje opp makta etter å ha blitt overvunnen av naboherskaren Abdulaziz Ibn Saud. Hussein bin Ali flykta til Kypros og deretter til Amman i Jordan. Her døydde han i 1931 og blei gravlagd i Jerusalem.
Han var far til kongane Abdullah I av Jordan og Feisal I av Irak.
Remove ads
Kjelder
«Hussein Ibn Ali» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Hussein bin Ali, Sharif of Mecca» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2010.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads