Hyères
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hyères (oksitansk Ieras eller Iero) er ein by og kommune søraust i Frankrike, i departementet Var, om lag 15 km aust for Toulon. Byen har rundt 55 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Byen Olbia vart grunnlagd av fønikarar på 300-talet fvt., og vart nemnd av geografen Strabo. Ein har funne spor av greske og romerske fortidsminne i området. Dei første skriftlege kjeldene om Hyères går tilbake til 963, og var opphavleg ein del av eigedomane til vicomten av Marseille. Seinare gjekk byen til Karl av Anjou. St. Louis kom i land ved Hyères i 1254 då han kom tilbake frå Krosstoga.
Geografi
Byen ligg ved kysten av Middelhavet, og er ein populær ferieby. Her vert det mellom anna dyrka palmer, og om lag 100 000 tre vert eksportert kvart år.
Dei tre øyane Îles d'Hyères (Porquerolles, Port-Cros og Île du Levant) ligg like utanfor kysten.
Bakgrunnsstoff

- Iles d'Hyères
- VillaNoailles- eit avantgarde kultursenter
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads