Palmefamilien
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Palmefamilien (latin Arecaceae) er ein familie av einfrøblada plantar og er kjenneteikna av ein stamme utan greiner med ei krone av lange blad i ei vifte. Palmar veks overalt i tropane og i ei viss mon også i subtropane. Dei kan ha ulike frukter, som bær, nøtt eller steinfrukt, og mange blir nytta av menneske, som daddelpalme, kokospalme og oljepalme. Trevirket og blada kan også brukast til utstyr og byggjemateriale.

- Denne artikkelen handlar om plantefamilien. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Palme.
Remove ads
Remove ads
Systematikk
Palmefamilien er den einaste familien i palmeordenen Arecales. Han inneheld om lag 2 500 kjende artar fordelt på rundt 190 slekter.
Ei slekt har vore registrert i naturen i Noreg:[1][2]
- daddelpalmeslekta (Phoenix)
Nokre andre av slektene i palmefamilien er:

Remove ads
Symbolsk bruk av palmar
Sidan oldtida har palmeblad vore nytta som eit teikn på rikdom, siger, ære og triumf.
I jødedommen står palma for fred og rikdom, og kan symbolisera livsens tre i Kabbala. Ei uutsprungen daddelpalmegrein er eit av dei fire slaga under sukkothøgtida.
Innan kristendommen er palmesundag ei viktig påskehøgtid der ein ofte bruker palmeblad eller noko som liknar til gudstenesta. Høgtida er til minne om Jesus sitt inntog i Jerusalem der folk la palmeblad framfor han. Palmeblad er elles blitt nytta av pilegrimar til Jerusalem (sjå etternamnet Palmer) og som helgenattributt (sjå t.d. heilage Agnes).
Elles er palmar rekna som eit symbol på tropane, særleg tropiske øyar og strender. Fleire land og område der det veks palmar har bilde av dei på flagg, segl og liknande, til dømes Guam, Haiti, Saudi-Arabia, Florida og Sør-Carolina.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads