Hydrobates

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Hydrobates
Remove ads

Hydrobates er ei biologisk slekt og den einaste slekta i ein familie av stormsvaler. Dette er pelagiske sjøfuglar som er medlem av ordenen stormfuglar, Procellariiformes. I ein periode, og framtil nyleg, var dette taksonet rekna som ein underfamilie av ein samla stormsvalefamilie, Hydrobatidae.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Sjå òg artikkelen om stormsvaler for utfyllande skildring av morfologi, levevis og leveområde

Artane i slekta Hydrobates har kroppslengd som spenner i området mellom 13 centimeter for dvergstormsvaler til 27 cm for hawaiistormsvaler. Kroppsvekta kan variere mellom 14 gram og over 100 gram høvesvis for dei to artane. Alle har relativt lange venger og bein som er kortare enn halen i flukt. Mange, men ikkje alle, har gaffelforma eller sterkt kileforma halar. 8 av dei 17 nolevande artane 'manglar' kvit overgump. Dei øvrige artane er for det meste mørke i farga med varierande mengder av kvitt på overgumpen. Popuasjonar av arten stormsvale i Stillehavet manglar kvit overgump. To artar bryt med desse mønstra, ringstormsvala som har kvit underside og kvite markeringar i strupe og andlet, og gråstormsvala som har bleik, grå fjørdrakt.[2]

Artane i denne slekta hekkar og lever generelt på den nordlege halvkula, jamvel om nokre artar migrerer på lange trekk òg sør for ekvator. Perustormsvala hekkar sør for ekvator.

Artane havsvale og stormsvale hekkar på Røst i Noreg.

Remove ads

Truslar og vern

Thumb
Nedgangen i bestanden av kaliforniastormsvaler har ført til at arten er erklært trua av IUCN.
Foto: Duncan Wright

Fleire artar i Hydrobates-slekta er trua av menneskeleg aktivitet.[3] Av 17 artar er berre 8 klassifiserte som livskraftige, LC. Guadalupestormsvale har ikkje blitt observert sidan 1906 og dei fleste autoritetar reknar arten som utdøydd. Ein annan art, kaliforniastormsvale, er oppført som truga av IUCN på grunn av ein 42 % nedgang over tjue år,[4] og fem andre artar er òg oppførte som sårbare eller verre. I tillegg er to artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data». Ein kjenner ikkje hekkestadane for ringstormsvale.

Stormsvalene i denne slekta står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Guadalupestormsvala vart driven til utrydding av villkattar,[5] og slike introduserte rovdyr er òg årsak til nedgang blant andre artar. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.

Remove ads

Oversyn artar, status og hekkelokalitetar

Slekta Hydrobates i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022,[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

Artsnamn Vitskapleg namn Status Populasjon Trend Hekkeplass
HavsvaleH. pelagicusLC1,3-1,5 millukjentNordvestre Atlanteren, rangert etter kolonistorleik: Nólsoy, (Færøyane), Storbritannia, Irland og Island, dessutan små koloniar i andre europeiske land som Noreg (Røst), Spania og Hellas.
GråstormsvaleH. furcataLC>6 millaukandenordlege Stillehavet frå Kurilane til kysten av Alaska
RingstormsvaleH. hornbyiNT500-800 000*)ukjentukjent, (kysten frå nordlege Chile langs Peru, kanskje inne i Atacama)
JapanstormsvaleH. monorhisNT65-260 000*)minkandeVerkhovsky-øya ved sørlege Vladivostok, og ved Japan
IwostormsvaleH. matsudairaeVU>20 000ukjentIwo-øyane, Japan
StormsvaleH. leucorhoaVU6,7-8,3 mill parminkandeglobalt på den nordlege halvkula, inklusive Røst og Erkna i Noreg.[8]
SomarstormsvaleH. socorroensisEN2500-10 000*)minkandeeng: Townsend's storm petrel, Townsend 1890, hekkar sommarstid på øyar utanfor Guadalupe
VinterstormsvaleH. cheimomnestesVU2500-10 000*)stabileng: Ainley's storm petrel, Ainley 1980, hekkar vinterstid på øyar utanfor Guadalope
KaliforniastormsvaleH. homochroaEN5 200 -10 000minkandeøyar utanfor California, sørover til Coronados-øyane utanfor nordlege Mexico
PassatstormsvaleH. castroLC150 000minkandepå øyar i Aust-Atlanteren og nordlege Stillehavet
AsorstormsvaleH. monteiroiVU350-1500stabilto holmar ved øya Graciosa i Azorane
KappverdestormsvaleH. jabejabeLC>10 000*)minkandeBolton, 2007. Lever i Nord-Atlanteren, særleg rundt Kapp Verde-øyane
DagstormsvaleH. tethysLC>500 000minkandeøyar utanfor Amerika frå Baja California, Mexico til nordre Chile, inklusive Galapagosøyane
BajastormsvaleH. melaniaLC600 000*)minkandeøyar utanfor sørlege California og Baja California, Mexico
PerustormsvaleH. markhamiNT150 000-180 000minkandeParacas naturreservat, Peru, inne i Atacamaørkenen, og andre mindre koloniar i Chile
HawaiistormsvaleH. tristramiLC30 000stabilHawaii
DvergstormsvaleH. microsomaLCukjent, kanskje millionarstabiløyar i Californiabukta og på vestkysten av Baja California Sur

I tillegg kjem arten guadalupestormsvale, Hydrobates macrodactyla, som er rekna som utdøydd.

Kolonnar i tabellen over:

Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN
Populasjon er estimert storleik på bestand av individ, inkludert ungfuglar
*) berre kjønnsmodne individ
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads