Hyperborea av Tangerine Dream

studioalbum av Tangerine Dream From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hyperborea er det nittande albumet og det 13. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream.[2] Det var det siste offisielle albumet dei gav ut på Virgin Records. Det låg to veker inne på den britiske albumlista og nådde ein 45. plass.

Meir informasjon Tangerine Dream-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet vart spelt inn i august 1983. På songen «No Man's Land» vert det nytta mykje sitar. Det vert òg nytta sitar på «Cinnamon Road», men i mindre grad enn på førre song. Det lengste sporet på albumet, «Sphinx Lightning», er innom alle stilartar Tangerine Dream hadde vore borti dei ti siste åra.

Tittelen på albumet referer til Hyperborea, eit mytisk, idyllisk land i den greske antikken, som visstnok låg langt nord for Thraki der det vart hevda at sola skein 24 timar om dagen.

I eit intervju med Mark Prendergast i januar 1994 sa Johannes Schmoelling: «Som Logos Live var Hyperborea prega av ein ny generasjon digitale synthesizerar og samplingsteknologi. Me klare å memorisere lydane og bruke mykje sampla trommelydar. Me fann opp nye rytmestrukturar ved å bruke ein spesiell arpeggiatorteknikk. Tittelen «No Man's Land» var inspirert av filmen Gandhi og det glimrande lydsporet.»[2]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads