Hypnose
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hypnose (frå gresk hypnos, 'søvn')[1] er ein tilstand som omfattar fokusert merksemd[2] på eitt eller nokre få mål, redusert medvit for omverda og forsterka kapasitet til å reagera på suggesjon.[3] Tilstanden kan også vera prega av mental avslapping, redusert vurdering, monitorering og sensurering, ei endring i opplevinga av tid og stad, og endra sjølvoppleving og ein kan oppleva eigne responsar som automatiske.[4]

Hypnotisering (å driva ein person inn i ein hypnose) vert brukt i hypnoterapi. I Noreg la straffeloven av 1902 § 364, fram til 1. oktober 2015 ned forbod mot å praktisera det å hypnotisera for dei som ikkje var leger eller psykologar.[5] Straffeloven 2005 har ikkje noko slikt forbod.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads