Hyskeir

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hyskeir
Remove ads

Hyskeir (skotsk-gælisk Òigh-sgeir) eller Heyskeir er ei lågtliggande øy i Indre Hebridane i Skottland. Fyret på øya markerer det sørlege innløpet til The Minch.

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Øya i 1892.[1]

Hyskeir ligg 10 km sørvest for øya Canna og 14 kilometer vest for Rùm.[2] Garbh Sgeir er eit skjer som ligg ved øya og landgangsstaden for Hyskeir ligg i kanalen mellom dei to. Ingen av øyane er busette.

Remove ads

Etymologi

Hyskeir kjem frå det norrøne sker som tyder «skjer». Òigh-sgeir er gælisk for «jomfruskjeret».

Fyret

Hyskeir fyr vart bygt i 1904. Det 39 meter høge fyret markerer sørenden av the Minch . Det vart teikna av David og Charles Stevenson. Fyrlykta står 41 meter over havet.

Det kvite tårnet var bemanna fram til mars 1997 og var eit av dei siste fyra i Skottland som vart automatisert.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads