I'm So Glad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I'm So Glad» er ein song opphavleg spelt inn av Skip James tidleg i 1930-åra. Songen er basert på ein song frå 1927 av Art Sizemore og George A. Little kalla «So Tired». Han vart sidan spelt inn av Cream på debutalbumet deira Fresh Cream, og seinare eit konsertopptak på det siste albumet deira Goodbye.
Remove ads
Deep Purple-utgåva
«I'm So Glad» vart òg spelt inn av Deep Purple i 1968 for debutalbumet deira Shades of Deep Purple. Sjølve Skip James-songen startar etter ein medley av utdrag frå instrumentale arrangement av Rimskij-Korsakov sin klassiske Scheherezade. Denne medleyen er kalla «Preludium: Happiness» og strekkjer songen ut til over sju minutt.
Bandet valde å spele inn songen etter at vokalist Rod Evans og trommeslagar Ian Paice hadde anbefalt han. Evans og Paice hadde tidelgare spelt i eit anna band i lag, The Maze. The Maze hadde òg spelt «I'm So Glad»,, som både Evans og Paice meinte hadde potensiale som ein Deep Purple-song.
Deep Purple støtta Cream på avskjedsturneen deira i oktober 1968 der Cream gjorde opptak av Goodbye-versjonen. Deep Purple spelte inn konsertalbumet sitt Inglewood - Live in California same kveld. Dette er det einaste konsertopptaket av den første besetninga til Deep Purple. Albumet vart lagt på hylla av selskapet i 1968, men vart til slutt gjeven ut i 2002, etter 34 år.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads