Derek Lawrence
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Derek John Lawrence (16. november 1941–13. mai 2020)[1] var ein engelsk plateprodusent, kjend for arbeidet sitt for Joe Meek sitt The Outlaws,[2] Deep Purple,[3] Flash,[4] Machiavel og Wishbone Ash.
Lawrence kom i kontakt med Meek i slutten av 1963, då han var manager for ei gruppe, Laurie Black and the Men of Mystery, som vann ei innspeling i studioet til Joe Meek. Han heldt fram med å jobba for han fram til 1965.[5] Han tok med seg Merseybeat-musikarane Freddie Starr and the Midnighters.
På slutten av 1960-åra arbeidde han for Harold Shampan i Film Music (ein del av Top Rank) og som frilansprodusent (inspirert av Meek) for The Pretty Things, The Zephyrs, The V.I.P.'s, The Nocturnes med fleire. Han produserte debutsingelen til Jethro Tull, «Sunshine Day» (1968). Ritchie Blackmore, som han kjende frå før, inviterte han til å jobba med det nye bandet til Blackmore,[6] og som eit resultat produserte Lawrence dei tre første albuma til Deep Purple, det første i Pye Studios i London og dei to neste i De Lane Lea Studios i Kingsway i London. Han produserte dei to første albuma til Flash, Flash (1972) og In The Can (1973), begge i De Lane Lea.[5] Etter å ha slite med den tidlegare Yes-gitaristen i Flash, Peter Banks, tilrådde han bandet å byta ut Banks, og foreslo fleire toppnamn. Det var eit råd dei ikkje følgde, noko som førte til at bandet brått vart oppløyst medan dei var på turné etter utgivinga av deira tredje eigenproduserte album, Out Of Our Hands (1973). Han produserte Wishbone Ash sine tre første album Wishbone Ash (1970), Pilgrimage (1971) og Argus (1972), og kom tilbake for å produsera deira niande album No Smoke Without Fire (1978).[5]
I 1974 gjekk Lawrence saman med den kjende studiomusikaren Big Jim Sullivan og danna plateselskapet Retreat Records,[5] som òg gav ut Sullivan sitt Big Jim's Back (1975). Lawrence var medprodusent for det nye bandet til Sullivan, Tiger,[5] med den framtidige Samson-vokalisten Nicky Moore, som gav ut tre album før dei splitta opp. I USA var Lawrence og Sullivan medprodusentar på dei to første albuma til Kiss og Casablanca Records som signerte Angel,[5] høvesvis Angel (1975) og Helluva Band (1976). Lawrence stod òg bak Legs Diamond sitt sjølvtitulerte debutalbum frå 1976. Ved overgangen til 1980-åra var han ansvarleg for MCA-debutane til eit par av NWOBHM-kandidatane, Fist-albumet Turn the Hell On[5] og Stand Up and Fight av Quartz, begge gitt ut i 1980. Då Lawrence vende tilbake til heimlandet i 1979, reduserte han engasjementet sitt, men jobba med både Carl Wayne og Hot Chocolate-medlemmen Tony Wilson på 1980-talet.[5] Saman med Sullivan produserte han i 1992 Survival,[7] debutalbumet til det britiske bandet Little Brother for Line Records.
Lawrence døydde av kreft 13. mai 2020, 78 år gammal.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads