ICA
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
ICA Norge AS var eit norsk detaljhandelsselskap som dreiv med sal av daglegvarer. Det blei kjøpt opp av Coop Norge i 2014.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ica (fleirtyding).
I oktober 2014 hadde ICA Norge 553 butikkar som blei drivne anten i eigen regi, i form av franchise eller som assosierte butikkar.[1][2] I 2010 omsette ICA Norge for 17,817 milliardar kroner med eit resultat på minus 497 millionar.[3] ICA Norge var 100 % eigd av ICA AB (Inköpscentralernas aktiebolag) og hadde 5 345 tilsette (ekskl. franchise).[4] ICA Norge hadde ein marknadsdel i den norske daglegvaremarknaden på 14,8 prosent.[4] Administrerande direktør var Thorbjørn Theie.
I oktober 2014 blei ICA Norge seld til Coop Norge. Det trong godkjenning frå Konkurransetilsynet,[1] noko som blei gjeve i mars 2015.[5] Selskapet blei drive vidare som eit dotterselskap av Coop Norge under namnet Norsk Butikkdrift.[6]
Selskapet opererte med fire ulike butikkonsept: ICA Nær, ICA Supermarked, ICA Maxi og Rimi.
- Rimi: Lågprisbutikkar med daglegvarer.
- ICA Nær: Mindre matbutikkar.
- ICA Supermarked: Større matbutikkar med eit utval ferskvarer.
- ICA Maxi: Daglegvarebutikkar som i tillegg til matvarer tilbyr bøker, klede, kjøkkenreiskapar, sportsartiklar og hageartiklar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads