IMO-nummer

unikt identitetsnummer for skip From Wikipedia, the free encyclopedia

IMO-nummer
Remove ads

Eit IMO-nummer er ein del av Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) sitt identifikasjonssystem for skip og består av dei tre bokstavane IMO etterfølgd av sju tal som er unikt for skipet. IMO-nummera vert tildelt av Lloyd's Register Fairplay.

Thumb
IMO 8814275 på skipet «Eendracht»

Innføringa av IMO-nummer vart gjennomført i 1987.[1] Målet var at kvart enkelt skip skulle tildelast eit identifikasjonsnummer, innført i sertifikatet, som skulle følgja skipet gjennom heile levetida til skipet, òg ved ombygging og skifta av namn, reiarlag eller flaggstat. Same IMO-nummer kan ikkje utskrivast til to ulike skip.

I SOLAS-regulativet XI/3 av 1994 vart det angjeve at kriteria for IMO-nummereringa skulle gjelda for propelldrifta passasjerskip over 100 tonn og lasteskip over 300 tonn. Ordninga vart gjord obligatorisk den 1. januaren 1996.[2]

Thumb
«IMO 9319466» godt synleg på helikopterdekket til M/S «Finmaid»

I desember 2002, under ein konferanse for maritim tryggleik, vart det vedteken å innføra ein regel om at identifikasjonsnummeret skal vera permanent markert eit godt synleg stad på skroget på skipet eller overbygg, og passasjerskip skal ha det horisontalt plassert, slik at det er synleg frå lufta.

Remove ads

Unntak frå avgjerdene

SOLAS-reguleringa gjev følgjande unntak for skipstypar som ikkje skal ha eit IMO-identifiseringsnummer:

Remove ads

Sjå òg

  • ENI-nummer (European Number of Identification)
  • Maritime Mobile Service Identity (MMSI)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads