INRI

From Wikipedia, the free encyclopedia

INRI
Remove ads

INRI er eit akronym for latinske IESVS NAZARENVS REX IVDÆORVM, som tyder 'Jesus frå Nasaret, konge av jødane'.[1] Ifølgje Johannesevangeliet stod denne innskrifta på ein plakett som var festa på krossen til Jesus under krossfestinga. Det er sidan blitt brukt i kristen kunst.

Thumb
Krusifiks med INRI-plakett frå Immaculata katolske kyrkje i Mt. Adams i Cincinnati.

Evangeliet fortel at innskrifta var skriven på tre språk: Latin, gresk og hebraisk. Den greske varianten av akronymet er ΙΝBΙ, kort for Ἰησοῦς ὁ Ναζωραῖος ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων.[2][3]

Dei andre tre evangelia har liknande skildringar:

Meir informasjon Markus, Lukas ...

I kunsten ser ein ofte denne inskripsjonen på krusifiks.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads