IPhone 11 Pro

From Wikipedia, the free encyclopedia

IPhone 11 Pro
Remove ads

iPhone 11 Pro og iPhone 11 Pro Max er smarttelefonar designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Dei utgjer flagskipa i den trettande generasjonen iPhone-modellar og vart annonserte 10. september 2019 i Steve Jobs Theater i Apple Park-kampusen, som etterfølgjarar til 2018-modellane iPhone XS og iPhone XS Max. Telefonane vart tilgjengelege for sal 20. september 2019, dagen etter operativsystemet iOS 13 vart lansert.[1]

Kjappe fakta Produsent, Operativsystem ...

Sentrale oppdateringar over dei førre iPhone-modellane er eit trippellinse-kamerasystem på baksida av telefonane og ein ny prosessor, A13 Bionic. 11 Pro-modellane er dei første telefonane frå Apple som bruker designasjonen «pro», som tidlegare berre var brukt hjå strørre einingar frå selskapet, som iPad Pro og MacBook Pro. Telefonane er òg dei første som er leverte med ein hurtigladar på 18W, som går via USB-C til Lightning, den proprietære utgangen som telefonane har på undersida.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads