IPhone 4
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
iPhone 4 er ein smarttelefon som var utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han er den fjerde generasjonen iPhone,[1] oppfølgjaren til iPhone 3GS og forgjengaren til iPhone 4S. Telefonen vart annonsert 7. juni 2010 under Worldwide Developers Conference i San Francisco og utgjeven 24. juni 2010 i USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Japan. iPhone 4 introduserte ein ny design til iPhone-serien, som den administrerande direktøren i Apple, Steve Jobs, hevda var den tynnaste smarttelefonen i verda på den tida. Telefonen bestod av ei innfatning i rustfritt stål som fungerte som antenne, med dei internekomponentane lokalisert mellom to panel av glas i aluminiumsilikat.[2]
iPhone 4 introduserte skjermen «Retina Display» med ein pikseltettleik på 326 pikslar per tomme, medan han vidareførte storleiken og skjermtilhøvet frå forgjengarane, Apple A4-prosessoren og iOS 4, som la til multitasking og FaceTime for videosamtalar. Han var den første iPhonen med eit kamera på framsida.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads