IPod
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
iPod er ein berbar digital lydavspelar frå Apple. Den fyrste vart lansert 23. oktober 2001 om lag 8 månader etter iTunes vart lansert. Per i dag finst det fire versjonar av iPod: iPod classic, iPod shuffle, iPod nano og iPod touch.
Ein iPod kan spele filformata MP3, WAV, AAC, AIFF, Audible og Apple Lossless. Nokre spelarar kan òg brukast som berbar harddisk.
Fram til og med iOS 4 var musikkprogrammet som følgde med iPhone og iPad også kalla iPod.

Den første iPoden kunne lagra 5 gigabyte, noko som ifølge Apple-direktøren tilsvarte om lag «1000 songar i lomma di».[1] I dag har iPod-en med størst lagringsplass (160 GB) plass til om lag 40 000 songar.[2]
Remove ads
Ulike iPodar
Remove ads
Klikkehjulet

Dei fem knappane på dei eldste iPodane utvikla seg etterkvart til å bli éi flate. Dette vart kalla klikkehjulet og vart eit viktig særmerke for iPod med eit minimalistisk og brukarvennleg grensesnitt. Knappane utfører grunnleggande ting som: meny, spel/pause, neste, førre. Andre ting, som blant anna crolling og volumendring, vert utført ved å føre fingeren i ei roterande rørsle over flata. I dag er det berre iPod Classic som har klikkehjulet. iPod shuffle har dei same knappane, men ein viktig forskjell er at ein ikkje kan scrolle på same måten (i staden kalla styrepute av Apple).
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads