I Am What I Am av Emma Muscat
song frå 2022 med Emma Muscat From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I Am What I Am» (norsk omsetjing 'eg er det eg er') er ein popsong frå 2022 med den maltesiske artisten Emma Muscat. Songen var det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 14. mars 2022.
Remove ads
Om songen
«I Am What I Am» var det maltesiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Songen vart skriven av Dino Medanhodzic, Emma Muscat og dei danske låtskrivarane Julie Aagaard og Stine Kinck. Medanhodzic har produsert den.
Emma Muscat vann retten til å representere Malta i Eurovision Song Contest, då ho i februar 2022 vann den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2022 på TVM. Ho vann tevlinga med songen «Out of Sight» med 92 poeng.[1][2]
Men etter sigeren vart «Out of Sight» erstatta av «I Am What I Am», og det nye bidraget vart offentleggjort 14. mars 2022.[3] Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai, og enda der som nummer 16 av 18 bidrag. Sidan songen ikkje vart blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads