I Can't Go On
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I Can't Go On» (norsk omsetjing 'eg kan ikkje halde fram') er ein svensk poplåt som blir framført av artisten Robin Bengtsson. Songen vann Melodifestivalen 2017 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2017.[1] Songen er skriven og produsert av David Kreuger, Hamed «K-One» Pirouzpanah og Robin Stjernberg.[2] Låten blei sloppen for digital nedlasting i Sverige 26. februar 2017 og nådde tredjeplassen på den svenske singellista.[3]
Remove ads
Bakgrunn
«I Can't Go On» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2017 og var komponert av låtskrivarane David Kreuger, Hamed «K-One» Pirouzpanah og Robin Stjernberg.[4] Kreuger og Pirouzpanah hadde tidlegare vunne Melodifestivalen som låtskrivarar med songen «Undo» i 2015, medan Stjernberg vann Melodifestivalen i 2013 og representerte Sverige i Eurovision Song Contest på heimebane i Malmö. Til å framføre låten hadde låtskrivarane henta Robin Bengstsson, som deltok i Melodifestivalen året før med songen «Constellation Prize».
«I Can't Go On» deltok i den tredje delfinalen i Växjö 18. februar 2017, der han vann og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm laurdag 11. mars. Songen vann finalen og blei med det det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv.
Remove ads
Eurovision Song Contest
I Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv i Ukraina, var «I Can't Go On» det fyrste bidraget på scena i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2017. Der enda songen på ein tredjeplass med 227 poeng og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. Til slutt enda songen på ein femteplass med 344 poeng.[2]
Listeplasseringar
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads