Sverige i Eurovision Song Contest
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sverige debuterte i Eurovision Song Contest i 1958 og har delteke 62 gongar. Sverige er eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest med sju sigrar, ein andreplass og seks tredjeplassar.[1] Sverige deler dimed rekorden over flest sigrar i Eurovision Song Contest saman med Irland. Fleire svenske bidrag har også blitt store hitar verda over, blant dei «Euphoria» (2012), «Tattoo» (2023) og ikkje minst «Waterloo» av ABBA (1974), som blei kåra til tidenes Eurovision-song i jubileumsshowet Congratulations i 2005.
Sverige er trulig også det landet der Eurovision Song Contest står sterkast, og svenskane sin nasjonale finale, Melodifestivalen, har vore ei inspirasjonskjelde for fleire andre land, blant anna Noreg.[2] Sverige har komme sist to gongar, i 1963 og 1977. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Sverige berre missa finalen ein gong, i 2010 med Anna Bergendahl og «This Is My Life».
Remove ads
Historikk

Det er den svenske ålmennkringkastaren SVT som sender Eurovision Song Contest i Sverige, og som har ansvaret for å velje bidraget som skal representere landet i Eurovision Song Contest. Sverige debuterte på ein fjerdeplass med «Lilla stjärna» i 1958, og året etter etablerte SVT ein nasjonal finale for å velje song og artist som skal representere landet i tevlinga. Den nasjonale finalen fekk etter kvart namnet Melodifestivalen og har lenge vore eit av dei mest populære tv-programma på svensk tv.[3]
Melodifestivalen
Det er få nasjonar som tek Eurovision Song Contest like alvorleg som svenskane, noko som blant anna kjem til uttrykk i den svenske tevlinga. Meir enn 3000 songar blir sende inn til Melodifestivalen kvart år, og kjende artistar og låtskrivarar i landet nærmast knivar om å få delta i tevlinga. Melodifestivalen går dessutan over seks veker kvar vinter, og opptil ein tredel av landet ser finalen.[4][5]
Melodifestivalen blir også følgd med stor interesse av Eurovision-tilhengjarar verda over, og kvart år reiser hundrevis av fans til Stockholm for å få med seg den svenske finalen.[6] Den svenske tevlinga har også vore inspirasjonskjelde for andre land og kringkastarar, blant dei Noreg og NRK, som i 2006 innførte delfinalar i Melodi Grand Prix etter mønster frå Sverige. I Eurovision Song Contest 2016 gjorde også Den europeiske kringkastingsunionen om på den tradisjonsrike avrøystinga. Endringa var inspirert av Melodifestivalen og blei gjort for å halde på spenninga til siste slutt.[7][8][9]
Eurovision Song Contest
Etter debuten i 1958 og til uti i 1970-åra hadde Sverige varierande suksess i Eurovision Song Contest. Sverige fekk ein andreplass i 1966, godt hjelpt av dei nordiske naboane sine, som gav landet 15 av til saman 16 poeng. Ein femteplass kom i 1969, og ein ny femteplass følgde i 1973. Året etter kom det verkelege gjennombrotet til Sverige i tevlinga, då popgruppa ABBA vann med «Waterloo». Sigeren bana veg for en solid internasjonal karriere for gruppa.[10]

Etter sigeren i 1974 hadde Sverige liten suksess fram til Carola song landet inn til ein tredjeplass i 1983 med «Främling». Året etter sikra gruppa Herreys den andre sigeren til Sverige med «Diggi-loo diggi-ley», og fleire gode resultat følgde i åra etter. Carola var tilbake i 1991 og vann ein knapp siger med «Fångad av en stormvind» i Roma. Den fjerde sigeren til Sverige kom med Charlotte Perrelli og «Take Me to Your Heaven» i 1999.
Etter tusenårsskiftet har Sverige overtatt som det mest suksessrike i tevlinga, med heile 13 topp fem-plasseringar – inkludert tre sigrar. Landet hadde ein liten nedgangsperiode frå 2007, og i 2010 kvalifiserte ikkje Sverige seg til finalen, for fyrste og førebels einaste gong. Men Sverige kom sterkt tilbake med ein tredjeplass i 2011. Sidan då opplevde landet ein gullalder utan sidestykke – med tre sigrar, to tredjeplassar, ein fjerdeplass og tre femteplassar.[1] I tillegg var Sverige i topp tre i sin semifinale kvart einaste år i perioden 2011–2019. I 2021 enda landa på 14. plass, det dårlegaste resultatet på åtte år.
Remove ads
Forholdet mellom Sverige og Noreg i Eurovision Song Contest

Den svenske deltakinga i Eurovision Song Contest har stort sett alltid blitt følgd med argusauge i Noreg, og mange av dei svenske deltakerlåtane har også blitt populære i Noreg. I tillegg har svenske deltakarar som Lill-Babs, Lill Lindfors, Carola og Tommy Körberg blitt kjende og populære artistar i nabolandet. Landa «utveksler» dessutan artistar, blant anna har Lill-Babs og Elisabeth Andreassen delteke i Melodi Grand Prix, mens norske Maria Mittet, Tone Damli og Marcus & Martinus har delteke i Melodifestivalen.[11][12][13][14][15]
Årlig pressekrangel
Som i langrennssporet har Sverige og Noreg tradisjonelt hatt eit elsk-hat-forhold i Eurovision Song Contest, og det har nærmast blitt ein årviss tradisjon at pressa i begge land hausser opp stemninga i forkant av tevlinga.[16][17] I 2003 skreiv for eksempel svenske Aftonbladet at den norske deltakaren, Jostein Hasselgård, song «som en ustemt sykkelpumpe», mens Charlotte Perrelli i 2008 rasa mot norsk presse etter at Anders Grønneberg hadde karakterisert ho som ei pornostjerne og transvestitt.[18][19]
Mangeårige kommentator i NRK, Jostein Pedersen, hadde som regel eit mål for Noreg, og det var å slå Sverige. I 1997 hissa han på seg svenskane då han meinte den svenske gruppa Blond korkje kunne syngje eller danse.[20] Men det toppa seg i 2003 då Pedersen på direkten sa at den svenske duoen Fame hadde «mindre utstråling enn bokhyllen Ivar fra IKEA». Kommentaren enda med at EBU foretok ei gransking av kommentaren til Pedersen, utan at det blei nokre konsekvensar i ettertid.[21][22][23]
Gode poeng-venar
Mens pressa krangler, er sjåarane i begge land langt bedre venar. Særleg kjem det gode naboskapet til syne på poengfronta. Per 2023 har Sverige for eksempel mottatt 417 poeng frå Noreg, meir enn noko anna land. Sverige er også det landet som har gitt mest poeng til Noreg, med 267 poeng. Men det har ikkje gått automatikk i å dele ut høge poeng til kvarandre. Då Noreg vann med «Nocturne» i 1995, gav for eksempel ikkje den svenske jurygruppa eit einaste poeng til den norske vinnarlåten.[24] Den norske jurygruppa gav Carola «berre» åtte poeng då ho vann i 1991, og i 2016 oversåg den norske jurygryppa svenske «If I Were Sorry» fullstendig, noko som blei møtt med vantro i Sverige.[25] Året etter gav heller ikkje den svenske jurygruppa poeng til det norske bidraget «Grab the Moment».
Remove ads
Deltakarar
Under er ei liste over deltakarar, plasseringar og poenga for Sverige i tevlinga sidan debuten i 1958.[1]██ Vinnar ██ Andreplass ██ Tredjeplass ██ Sisteplass
I 2008 kom Sverige på tolvteplass i sin semifinale, men avanserte likevel til finalen. Bakgrunnen var at tv-sjåarane røysta fram ni bidrag til finalen, mens juryane valde det tiande. Det svenske bidraget var juryen sitt val og sikra seg dimed ein finaleplass.
Remove ads
Røystehistorikk
Galleri
Remove ads
Eurovision Song Contest i Sverige
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads