I Can't Dance

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«I Can't Dance» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1991 på albumet We Can't Dance. Han var den andre singelen frå albumet og nådde sjuandeplassen på singellistene i både USA og Storbritannia.[3] I Nederland gjekk singelen heilt til topps på salslista.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Mike Rutherford skapte hovudriffet under innspelinga av albumet. Dette var til ein song han kalla «Heavy A Flat», før Phil Collins brått improviserte «I Can't Dance!». Riffet var inspirert av ein reklame for Levi Strauss & Co. TV som nytta The Clash-song «Should I Stay Or Should I Go». Opphavleg tenkte bandet berre på songen som ein spøk, fordi songen var for enkel, for bluesaktig og for ulik stilen til Genesis. Tony Banks sa i eit intervju «Det var ein av dei musikkstykka du trur aldri kjem til å bli noko av. Det var gøy, men det var ikkje noko spesielt».

Det var først då Banks la på klaver at songen tok ein heilt ny retning og med litt humor inne i biletet valde bandet å spele songen inn skikkeleg.

Remove ads

Musikkvideo

Den humoristiske musikkvideoen (regissert av Jim Yukich) syner kunstgrepa og den falske glamoren i fjernsynsreklame. Phil Collins sa at vidoeen var laga for å gjere narr av modellane i jeansreklamar, og at kvart vers syner til ting som modellane i desse reklamane gjer. Slutten er ein parodi på videoen til «Black or White» av Michael Jackson.

Songen skapte «I Can't Dance»-dansen som bestod av ei rekkje stive rørsler.

Remove ads

Utgjeving

Singelen vart gjeven ut med ein lengre remix kalla «Sex Mix». Denne vart sidan gjeven ut på Genesis Archive 2: 1976-1992 som «12" Mix». Miksane var laga av brørne Howard Gray og Trevor Gray frå Apollo 440.

B-sida «On the Shoreline» vart òg sidan gjeven ut på Genesis Archive 2: 1976-1992.

På singelutgjevinga av «Jesus He Knows Me» finn ein òg ein miks kalla «I Can't Dance (the other mix)».

Konsertversjonar

«I Can't Dance» vart spelt på dei fleste konsertane til Genesis etter songen kom ut. Konsertopptak finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, i tillegg til DVDane The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.

Ray Wilson, som tok over som songar i Genesis etter Collins, fortsette å spele songen solo etter han slutta i Genesis. Dette var ein meir bluesaktig versjon.

Remove ads

Innhald

CD maxi - Europa
  1. «I Can't Dance» — 4:02
  2. «On the Shoreline» — 4:47
  3. «In Too Deep» (live) — 5:28
  4. «That's All» (live) — 4:54
CD maxi - USA
  1. «I Can't Dance» (LP version) — 4:00
  2. «On the Shoreline» — 4:45
  3. «In Too Deep» (live) — 5:28
  4. «That's All» (live) — 4:54
  5. «I Can't Dance» (sex mix) — 6:59
7" singel
  1. «I Can't Dance» — 4:01
  2. «On the Shoreline» — 4:46
12" maxi
  1. «I Can't Dance» — 4:02
  2. «On the Shoreline» — 4:47
  3. «I Can't Dance» (sex mix) — 6:59
Remove ads

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1992), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads