Jesus He Knows Me
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Jesus He Knows Me» er ein song av det britiske bandet Genesis frå 1991 på albumet We Can't Dance. Det var den fjerde singelen frå albumet. Songen er ein satire om televangelisme og kom ut i ein periode då fleire televangelistar som Robert Tilton, Jim Bakker, Larry Lea og Benny Hinn var under etterforsking for å love økonomisk suksess til lyttarane om dei berre sende dei pengar. Songen nådde 20. plass i Storbritannia og 23. plass i USA.
Remove ads
Utgjeving
Som alle singlane på We Can't Dance vart «Jesus He Knows Me» gjeven ut på to CD-ar, og på vinyl. Alle formata hadde songen «Hearts on Fire» (seinare utgjeven på Genesis Archive #2 1976-1992) som B-side.
Den første CD-en hadde òg med «I Can't Dance (The Other Mix)» (ein remix av Ben Liebrand) og den andre hadde med «Land of Confusion (Rehearsal Version)». «The Other Mix» fekk dette namnet fordi «Sex Mix» vart gjeven ut nokre månader tidlegare på singelen til «I Can't Dance».
Songen vart nytta i den belgiske filmen Le huitième jour av Jaco Van Dormael i 1996.
Remove ads
Konsertversjonar
Songen vart framført på konsertane i 1992.
Musikkvideo
I videoen spelar songaren Phil Collins ein skruppellaus televangelist som lever som ein millionær på grunn av donasjonane frå lyttarane sine. Den komiske videoen har òg med bandmedlemmane Tony Banks og Mike Rutherford, som òg spelar evangelistar. Collins har på ein oransje dress og prøver å få sjåarane til å sende inn 18 000 000 dollar på ei helg fordi «Herren bad han om det». I slutten av videoen regnar det pengar over Collins.
I videoen kan ein sjå folk som held eit skilt som seier «Genesis 3:25», som ikkje referer til Bibelen (Første mosebok heiter Genesis på engelsk), men viser til at bandet hadde tre medlemmar og at dei hadde vore i lag i 25 år. Ikkje alle forstod denne referansen og trudde det berre var ein spøk sidan det tredje kapittelet i Første mosebok berre har 24 vers.
Innhald
- CD maxi
- «Jesus He Knows Me» (single mix) — 4:18
- «Hearts on Fire» — 5:15
- «I Can't Dance» (the other mix) — 6:00
- 7" singel
- «Jesus He Knows Me» (single mix) — 4:17
- «Hearts on Fire» — 5:15
Salslister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads