I Can't Give Everything Away

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«I Can't Give Everything Away» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Det er det sjuande og siste sporet på det 25. og siste studioalbumet hans, ''Blackstar'' (2016). Songen vart gjevne ut posthumt som den tredje og siste singelen frå albumet 6. april 2016.[1] Songen vart skriven av David Bowie og vart produsert av han og Tony Visconti.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), David Bowie-kronologi ...

Før den posthume singelen kom ut, nådde «I Can't Give Everything Away» 45. plassen på Swiss Hitparade, 141. plassen på UK Singles Chart og 142. plassen på Den franske singellista.

Songen har eit liknande munnspelparti som «A New Career in a New Town», ein instrumental frå Bowie-albumet Low frå 1977.

Remove ads

Mottaking

«I Can't Give Everything Away» fekk positive meldingar frå kritikarar. Sam Richards frå NME kalla songen «eit roleg, lystig nummer»,[2] medan Ben Skipper i IB Times kalla det eit «vakkert og rørande farvel».[3] Neil McCormick i The Telegraph kalla songen eit «episk avslutningsspor», og kommenterte at «Bowie høyrest ut som han sloss mot sitt eige mysterium: 'Seeing more and feeling less / Saying no but meaning yes / This is all I ever meant / That's the message that I sent.'»[4]

Det amerikanske nettmagasinet Pitchfork hadde «I Can't Give Everything Away» på 23. plassen på lista si over dei 100 beste songane frå 2016.[5]

Remove ads

Musikkvideo

6. april 2016 kom ein animert tekstvideo ut, skapt av Jonathan Barnbrook, som òg designa plateomslaget. Han forklarte motiva sine bak videoen: «Dette er verkeleg ein enkel liten video som eg ønskte til sjuande og sist skulle vere positiv. Me byrja i svartkvitverda til Blackstar, men i siste refrenget går vil til skarpe fargar. Eg såg det som ei feiring av David, for å sei at trass i motgangen vi møter, dei vanskelege tinga som skjer som Davids bortgang, at menneske er naturleg positive, dei ser framover og kan ta det gode frå fortida og bruka det som noko for å hjelpa med notida. Me er ein naturleg optimistisk art, og me feirar det gode vi får.»

Remove ads

Farewell-miks

Ein omarbeidd versjon av songen, kjend som «I Can't Give Everything Away (Farewell Mix)», vart framført av det industrielle rockebandet Nine Inch Nails, som Bowie hadde samarbeidd og turnert med, under I Can't Seem To Wake Up-turneen.[6] Songaren Trent Reznor sa at han laga denne remiksen for å kunne takle at Bowie var gått bort. Reznor hadde anonymt lasta opp ein studioversjon av remiksen på SoundCloud fleire månader før han framførte han på scenen.[7] Studioversjonen har berre vokalen til Bowie, medan Reznor sjølv syng vokalen til Bowie på konsertane.[8]

Salslister

Meir informasjon Liste (2016), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads