I Couldn't Live Without Your Love
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I Couldn't Live Without Your Love» er ein song frå 1966 skriven av Tony Hatch og Jackie Trent og spelt inn av Petula Clark. Han var inspirert av kjærleiksforholdet låtskrivarane hadde på den tida. Clark har sagt at «I Couldn't Live Without Your Love» og «Don't Sleep in the Subway» var favoritthittane hennar.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Songen vart spelt inn i Pye Studios i Marble Arch med gitaristen Big Jim Sullivan og vokalgruppa The Breakaways. Singelen nådde sjetteplassen på UK Singles Chart og niandeplassen på Billboard Hot 100-lista. «I Couldn't Live Without Your Love» var den første singelen til Clark som nådde toppen av den amerikanske Easy Listening-lista.[2]
Songen vart òg ein hit i Australia (#11), New Zealand (#18) og Rhodesia (#7). «I Couldn't Live Without Your Love» vart ein hit to gonger i Tyskland, først i den originale engelske versjonen (13. plassen) og så igjen på tysk, «So wunderbar verliebt zu sein», på 28. plassen.
Remove ads
Andre versjonar
«I Couldn't Live Without Your Love» har òg blitt spelt inn av Patti Brooks, John Davidson, Freda Payne og Mari Wilson.
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads