Sign of the Times av Petula Clark

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Sign of the Times» er ein song framført av Petula Clark frå albumet hennar My Love i mars 1966. Det var oppfølgjaren til den store hitten «My Love», som nådde toppen av den amerikanske singellista, og var skriven av Tony Hatch og Jackie Trent.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart spelt inn i Pye Studios i Marble Arch med gitaristen Big Jim Sullivan og vokalgruppa The Breakaways.

Clark framførte første gongen «A Sign of the Times» på The Ed Sullivan Show den 27. februar 1966. Singelen nådde 11. plassen på Billboard Hot 100 i april det året og andreplassen på Billboard si Easy Listening-liste.

Frå og med gjennombrotet hennar med «Downtown», nådde alle singlane til Clark høgare på listene i USA enn i Stobritannia. «A Sign of the Times» var eit av dei mest ekstreme døma på dette og songen nådde berre 49. plassen på den britiske singellista. «A Sign of the Times» vart ein hit i Australia (#11) og Sør-Afrika (#2).

Remove ads

Andre versjonar

  • Ein instrumental versjon av King Richard's Fluegel Knights vart ein Easy Listening-hit som nådde 19. plassen på Easy Listening-lista i Billboard i september 1966. King Richard's Fluegel Knights var ei gruppe studiomusikarar leia av Bob Thompson og Richard Behrke.
  • Michèle Richard spelte ein franskspråkleg versjon av songen «Si tu prenais le temps» i 1966 på albumet hennar Action '66.
  • Jazzgitaristen Joe Pass spelte inn ein versjon i 1966 på albumet hans A Sign of the Times.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads