I Don't Want to Talk About It

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«I Don't Want to Talk About It» er ein song skriven av Danny Whitten og først spelt inn av Crazy Horse for albumet Crazy Horse i 1971. Det var signaturlåten til Whitten, men vart meir kjend i ei rekkje coverversjonar, særleg av Rod Stewart.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Andre versjonar

I 1975 spelte Rod Stewart inn songen i Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama for albumet sitt Atlantic Crossing. Denne vart ein suksess då han kom ut på singel i USA nådde han 46. plassen på poplista og 44. plassen på adult contemporary-lista tidleg i 1980. I Storbritannia toppa han UK Singles Chart som ein del av den doble A-sida med «The First Cut Is the Deepest» i 1977.[1] Ein meiner at songen nytte godt av å bli gjeven ut på billigsal for å halde Sex Pistols sin «God Save The Queen» borte frå UK Singles Chart.[2][3][4]

I 1989 spelte Stewart inn ein ny versjon av «I Don't Want to Talk About It» for Storyteller – The Complete Anthology: 1964–1990. Han vart seinare gjeven ut på Downtown Train – Selections from the Storyteller Anthology og igjen på singel i 1990. Han vart mykje spelt på radio i USA som eit albumspor og nådde andreplassen på Billboard Adult Contemporary-lista. Stewart song òg songen som ein duett med Amy Belle på turneen sin i 2004[5] og denne finst på ein konsert-DVD frå denne turneen.

I juni 1988 gav Everything but the Girl ut ein versjon på singel og på albumet Idlewild. Denne vart òg ein suksess i Storbritannnia og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart. Det var den første og einaste topp 10-hitten deira i Storbritannia fram til 1995.

[[Arthur Conley] song ein live-versjon av songen på nederlandsk fjernsyn i 1988.

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Blue, Rita Coolidge, Billie Jo Spears, Ian Matthews, A-Mei, Pegi Young, D'ZRT, Nils Lofgren, Dina Carroll, Joe McElderry, David Sneddon, Geoff Muldaur, Llama Farmers, Alex Parks, Indigo Girls og Andy Williams.

Remove ads

Medverkande på originalen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads