Atlantic Crossing

album av Rod Stewart From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Atlantic Crossing er det sjette albumet til Rod Stewart, gjeve ut i 1975. Det gjekk til topps på albumlista i Storbritannia og nådde niandeplassen på Billboard Top Pop Albums-lista.[5][6]

Meir informasjon Rod Stewart-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Tittelen indikerer den nye kommersielle og kunstnariske retninga til Stewart og refererte både til at han hadde kome over til Warner Brothers og at han rømde heimlandet for å unngå å betale 83 % skatt og byrja eit jetset-liv i Los Angeles (der han søkte om amerikansk borgarskap på den tida). Albumet vart delt mellom ei langsam og ei rask side, visstnok etter eit forslag frå den dåverande kjærasten hans, den svenske skodespelarinna Britt Ekland. Stewart gjorde det same på dei to neste albuma sine.

Albumet inneheld to av dei mest kjende songane til Stewart, «Sailing» og «I Don't Want To Talk About It».

Med Atlantic Crossing enda Stewart det musikalske samarbeidet med Ronnie Wood, Ian McLagan og ei rekkje av musikarane han hadde spelt med på albuma sine for Mercury Records, og blanda soul og folk. I staden brukte han ei gruppe studiomusikarar, inkludert The Memphis Horns og tre-fjerdedelar av Booker T. and the MG's. Albumet vart produsert av Tom Dowd, ein kjend lydteknikar og produsent som hadde produsert mange av heltane til Stewart i tida si i hos Atlantic Records. Den einaste songen som vart framført frå dette albumet på den siste turneen til Faces i USA i 1976 var «Three Time Loser», og resten av gruppa mislikte sterkt den nye musikalske retninga til Stewart på albumet. Etter suksessen til albumet flytta Stewart til USA og annonserte at han trekte seg frå Faces på slutten av året.

«Sailing» nådde toppen av den britiske singellista i september 1975 og gjekk igjen inn på topp tre på lista eitt år seinare då han vart nytta som kjenningsmelodien for BBC-serien Sailor. Både akustisk og elektrisk gitar vart spelt av Pete Carr.[7] I 1977, nesten to år etter albumet kom ut, fekk Stewart ein ny song frå albumet på toppen av lista med den doble A-sida «I Don't Want to Talk About It» og «The First Cut Is the Deepest» (frå albumet A Night on the Town - 1976).

I 2009 gav Rhino Records ut ein versjon av albumet på to plater med bonussongar.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Strykearrangement av Arif Mardin og James Mitchell

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1975/76), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads