I Guess That's Why They Call It the Blues
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I Guess That's Why They Call It the Blues» er ein song av den britiske songaren Elton John med tekst av Bernie Taupin. Stevie Wonder spelar munnspel på songen. Songen fekk stort sett positiv omtale og Bill Janovitz frå Allmusic skreiv at songen «truleg med tida vil stå att som ein standard»[1] Songen er ein av dei mest spelte songane hans på radio gjennom 1980-åra.
Singelen nådde femteplass i Storbritannia og fjerdeplass i USA. Songen vart òg nytta i filmen Peter's Friends frå 1992.
Musikkvideoen syner to unge kjærastar som vart skilde då han må inn i militæret, før dei får kvar andre att mot slutten av songen.
Songen vart framført på konsert av Mary J. Blige og Elton John, og vart gjeven ut på Mary J. Blige & Friends og John sitt One Night Only – The Greatest Hits. Ei anna konsertframføring vart gjort i Verona i 1996 med Luciano Pavarotti.
Remove ads
Lister
Medverkande
- Elton John: piano, tangentinstrument, vokal
- Davey Johnstone: gitar, korvokal
- Dee Murray: bass, korvokal
- Nigel Olsson: trommer, korvokal
- Stevie Wonder: munnspel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads