I Should Have Known Better

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«I Should Have Known Better» er ein song av John Lennon[1][2] (kreditert til Lennon/McCartney) og opphavleg gjeven ut av The Beatles på albumet A Hard Day’s Night i 1964. Songen vart gjeven ut på singel i Europa og gjekk til topps på VG-lista i Noreg.[3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Skaping

I januar 1964, medan Beatles spelte tre veker på Olympia Theatre i Paris, vart The Beatles kjende med musikken til den amerikanske visesongaren Bob Dylan og fekk tak i albumet hans Freewheelin’ Bob Dylan.[4] Den amerikanske journalisten Al Aronowitz introduserte dei for Dylan då Beatles vitja New York i februar 1964 og Dylan vart vidare ei stor inspirasjonskjelde for gruppa, særleg på Lennon.[5] Ein av følgjene av dette var songen «I Should Have Known Better».[6]Paul McCartney sa at Dylan sine songane hadde flotte tekstar[7] og Lennon sa at Dylan inspirerte han til å skrive tekstar med meir meining.[8]

Ein orkester-versjon av songen dirigert av George Martin er på B-sida av den amerikanske utgåva av albumet.

Songen vart spelt inn over to dagar 25. og 26. februar 1964 ved Abbey Road Studios. Mono- og stereoutgåvene har noko forskjellig munnspelintroar.[9]

Songen vart først gjeve ut på albumet A Hard Day’s Night i Storbritannia den 10. juli 1964. Her vart han ikkje gjeve ut på singel før han kom som B-side på ei singelutgåve av «Yesterday» i 1976.[10][11] I USA vart songen gjeven ut 13. juli 1964 som B-sida til singelen «A Hard Day’s Night».[12][13] I Europa vart songen gjeven ut på singel og gjekk mellom anna inn på listene i Vest-Tyskland og i Noreg.

Remove ads

Medverkande

  • John Lennon vokal, akustisk rytmegitar, munnspel
  • Paul McCartney bassgitar
  • George Harrison 12-strengar sologitar
  • Ringo Starr trommer

Andre versjonar

Songen vart spelt av The Beach Boys i 1965.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads