Iaal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Iaal (arabisk ايعال), òg skrive Ī’āl eller I’aal, er ein gammal landsby i Libanon kring 12 km søraust for Tripoli, 85 km frå Beirut og 5 km frå Zgharta.[1][2] Han ligg i Zgharta distrikt i Nord guvernement ved foten av Libanonfjella og har ein veg som går opp i jella, parallelt til Wadi Iaal.[3] Det ligg ei borg på ein åstopp i sentrum av landsbyen.[4][5] Iaal festning vart bygd i 1816 av Mustafa Agha Barbar (guvernør i Tripoli under osmanarane frå 1798) fordi området vart rekna som strategisk med tanke på utsikta, som strekkjer seg heilt til kysten av Middelhavet. Andre bygg i Iaal er mellom anna moskéen langs vegen opp i fjella, kalla Masjid al-Taqwa (arabisk for «Fromheitsmoskeen»), bygd i 1994.[6] Det ligg ein moské til innafor festninga.
Remove ads
Historie
Iaal var busett før Barbar bygde festninga, noko ei osmansk folketeljing frå 1555 syner. Denne synte at det var 34 menn i landsbyen på denne tida (kvinner vart ikkje talde).[7]
Jordbruk
Området kring Iaal får vatn frå Iaal-dammen og elva som flyt ut frå Wadi Iaal.[8] Dette gjer området frodig og byen er kjend for dei mange oliventrehagane.[9]
Klima
Klimaet i Iaal er middelhavsklima med ein god del regn og milde vintrar, og varme, tørre somrar. Årsmiddelnedbøren er 810 mm.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads