Zgharta distrikt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zgharta distrikt
Remove ads

Zgharta distrikt (arabisk زغرتا) er eit distrikt (qadaa) i Nord guvernement, nord i Libanon.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Geografi

Det administrative senteret er byen Zgharta. Distriktet har 57 busetnader med 30 kommunar som dekkjer 37 landsbyar. Somme av områda deler same kommune, som Ehden/Zgharta, Kfarsghab/Morh Kfarsghab og Miziara/Harf Miziara.

Distriktet ligg frå 40 til 2800 meter over havet, frå nær kysten til det høgaste punktet i Libanonfjella.

Dei høgaste delane av distriktet ligg oppom Qozhayadalen, som er den nordlege delen av Qadishadalen, som er ein verdsarvstad. Horsh Ehden naturreservat ligg i fjella i dette distriktet. Her ligg fleire turistmål, som klosteret Mar Sarkis og klosteret i Qozhaya.

Remove ads

Økonomi

Jordbruk er hovudnæringa i distriktet med ein viktig olivenoljeproduksjon i kystområda, og frukt (eple og pære) i fjellområda. I nyare år har det òg vore ein viss tenestesektor i Zgharta.

Folkesetnad

Folketalet er estimert til kring 90 000 (1998). Kring 50 % av innbyggjarane bur i Zgharta, Rachiine, Kfardlakos, Kfarhata, Mijdlayiah, Ardeh, og Harf Ardeh. Dei fleste innbyggjarane er maronittiske katolikkar, med ein minoritet av gresk-ortodokse, armenarar, sunni-muslimar og andre.

Byar og landsbyar

Meir informasjon Landsby, Arabisk namn ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads